Som vi tidlegare har informert om så MÅ ALLE som skal vere tilknytta eit idrettslag i Noreg vere registrert i eit system som er knytta opp mot Norges Idrettsforbund. For Fyresdal Idrettslag er dette tenesta Min idrett.
ALLE som i 2018 er eller har vore med på anten ski (skikarusell), fotball, symjing, barneidrett, badminton eller multisport må registrere seg her.
For å registrere deg og alle i din familie går du til nettadressa http://minidrett.no og trykkjer på «Ny bruker» oppe til høgre. Personar over 18 år må registrerast for seg.
Det er viktig at du fyller inn denne informasjonen:
- Deg sjølv (foresatte ) med fødselsdato og år ,e-post adresse og telefonnummer
- Dei andre i familien med fødselsdato og år, e-post adresse(born må ha foreldre sin e-post) og telefonnummer.
Når du har registrert deg og logga inn kan du trykkje på «Medlemskap». Her inne klikkar du på «Finn ny klubb» og søkjer opp «Fyresdal Idrettslag». Trykk på Fyresdal Idrettslag i resultatet og velg «Send søknad» til høgre i biletet. Velg så hvilke aktiviteter du vil være assosiert med.Er du til dømes forelder til eit born i fotball krysser du av for fotball under «gruppe» og «gren» . Du må også krysse av for gren der gruppe og gren er likt.
HUGS: Du må gå inn på «Medlemskap» og søke om medlemskap i Fyresdal Idrettslag for kvar og ein av familiemedlemmane.
NB: Fakturering og betaling av kontingent for 2018 vil skje gjennom tenesta Min idrett. Det vil sei at du får ein e-post frå Fyresdal Idrettslag med melding om å logge deg inn på «Min idrett» og betale kontingenten derifrå. Då får du ein felles faktura for heile husstanden.
Skulle det være nokon som vil støtte Fyresdal Idrettslag, men som ikkje er aktive ,kan dei gjerne betale inn kr 100,- i kontingent til kontonummer 2694 10 10082. Hugs då å merke innbetalinga med navn, fødselsdato, e-post adresse og telefonnummer. Du blir då registrert som støttemedlem.
Treng du hjelp til registrering ta kontakt med Åse Breiland 92485094, Erling Carlsen 97706924 eller Idrettens egen support 21029090.
Med helsing leiar i FIL
Erling Carlsen
Kontingent
Medlemskap | Pris |
Enkeltmedlem, born eller vaksne | 100,00 |