Barneidrettskulen og skikarusell

Kontaktperson:

Barneidrettskulen er for barn som fyller 5 år i år og til og med 3.trinn. Skikarusellen er for alle. For å vere med på barneidrettskulen må ein vere medlem av Fyresdal Idrettslag.

Informasjon:

  • Det er veldig fint om foreldre kan vere med barna sine under dei fleste aktivitetane.
  • Hugs å ha på gode sko og varme klede når vi skal vere ute, og innesko/sklisikre sokkar når vi skal vere inne på samfunnshuset eller i gymsalen.
  • Hugs sykkelhjelm ved sykling, fiskestang ved fisking og hovudlykt på mørketuren.
  • Ta med drikkeflaske med vatn.
  • Blir det endringar i planane, kjem det ut ny informasjon.

Vel møtt til eit nytt år i Barneidrettskulen!