Kontingent

Skal du vere med på ski, fotball, symjing, barneidretten, badminton, multisport, innebandy eller i turgruppa så treng du å betale kontingent i Idrettslaget. Du får då medlemskap som moa omfattar forsikringsordning.

Det er viktig at du på innbetalinga, anten den skjer i nettbank eller via giro, skriv ned navn og fødselsdato og år på dei medlemmane kontingenten gjeld for. Denne informasjonen er idrettslaget lovpålagd å registrere. Evt kan dette sendast til post@fyresdalil.no

Grunna nye reglar frå Idrettsforbundet er nå minste kontingent som er mogeleg å ta for medlemskap i eit idrettslag kr 100,- Dette gjeld sjølv om ein vel å ha familiemedlemskap.

Fyresdal Idrettslag har vald å sette medlemskontingenten til minstesatsen på kr 100,- for alle medlemmar. Poenget med å ha familiemedlemskap fell då bort, siden ein uansett må betale minimum kr 100,- pr medlem også i eit familiemedlemskap. ein betalar nå altså kr 100,- medlem uansett alder og antal.

Kontingent 2016

Medlemskap Pris
Enkeltmedlem, born eller vaksne 100,00

Kontonr: 2694 10 10082